Kan opplyse om at no er The Hunt for Gollum publisert. Eg kjem sannsynlegvis tilbake med reaksjonar på filmen ein gong ut i neste veke.
Ikkje overraskande kjem nyheten om at den 12. og siste boka i “Wheel of Time” serien blir utgitt i tre deler. Brandon Sanderson skriv boka og kona til den avdøde Robert Jordan redigerer det som blir den avsluttande boka i ein litt for lang serie. Bøkene er ganske underhaldande, men tendensen til å dra alt ut i det uendelege gjer at ein i periodar kan bli litt lei.
Uansett så gler eg meg til avslutninga, første del blir publisert 3. november i år.
Blant dei bøkene som har blitt satt ulest i hylla var inntil nyleg The History of the Hobbit: Mr. Baggins. Den har no blitt lest og ikkje uventa var det ein svært fornøyeleg opplevelse.
Boka inneheld den første versjonen av Hobbiten, fram til Bilbo og dvergane skal
forlate Lake Town (resten finn du i del 2: Return to Bag End som eg skal starte på øyeblikk). Å sjå forskjellane i både handling (som jamnt over ikkje er store) og person-/stadnamn er svært spanande for alle som liker bøkene til Tolkien. Dei svært interessante kommentarane til John D. Rateliff med henvisningar til Tolkiens bøker og History of Middle-earth såvel som til alskens mytologiske tradisjonar og historiar gjer at bøkene nok er lærerike sjølv for erfarne Tolkien-lesarar.
Det utan tvil mest interessante kapittelet er det som til slutt endte opp som “Riddles in the Dark”. Fordi her kan du kan lese den orginale versjonen om gåtekonkurransen mellom Bilbo og Gollum som er ender annleis enn i den seinare reviderte utgåva. Etter å ha tapt gåtekonkurransen og oppdaga at han har mista skatten sin så svik ikkje Gollum hobbiten, men tilbyr han erstatning i form av fersk fisk. Dette syner at mine store helt Gollum egentleg er ein hedersmann, og det at han i seinare versjonar blir portrettert som til dels onskapsfull kun er eit resultat av ein konspirasjon mot hans edle person.
At boka er (utruleg, men sant) meir lettlest enn deler av “History of Middle-earth” er kanskje heller ikkje ei ulempe med tanke på å nå eit større publikum.
I det heile er det velbrukte penger (og tid) mens ein venter på filmen.
Eg har mykje å gjere for tida og pliktoppfyllande som eg er har eg alltid 100% arbeidsinnsats:

Litt forsinka kjem eg med fasiten på korleis årets Tippeliga kjem til å ende. Etter tidlegare forgjeves forsøk på å gjere det ut frå fotballmessige grunnar (håplaust prosjekt i den utforutsigbare norske ligaen), så har eg i år bestemt meg for å la ein terning bestemme utfallet. Så viss du vil bli rik er det berre å setje pengane på følgjande tabell:
1. Sandefjord
2. Strømsgodset
3. Molde
4. Tromsø
5. Lyn
6. Vålerenga
7. Stabæk
8. Odd
9. Aalesund
10. Lillestrøm
11. Fredrikstad
12. Viking
13. Bodø/Glimt
14. Rosenborg
15. Start
16. Brann
Den gode åpningskampen til Viking hindrar dei uheldigvis ikkje frå å ha ein svak sesong, ikkje heilt uventa tatt i betraktning den dårleg vintersesongen. At Brann og Rosenborg får ein dårleg sesong er gledeleg, mens me får ein svært overraskande topp 3.
Så får heller Per Sandberg dømme om eg har gjort god nok research til å drive og kaste terning. Av ein eller annan grunn tvilar eg.
Ellers så registrerer eg at forskning.no endeleg kjem med nyttige nyheter for oss som har stellt kyr opptil fleire gonger det siste døgnet, og er på veg ut døra nok ein gong. Av ein eller annan grunn fann eg følgjande formulering småvittig:
Forskerne undersøkte også hvordan kyrne reagerte på å bli skilt fra resten av bølingen.
De nervøse kyrne ble paniske og prøvde å komme seg tilbake til de andre, men de mer passive holdt seg i ro.
Det er utruleg kva forskarane finn ut i desse moderne tidene.
Vel tilbake frå Trondheim er det på tide å markere pi-dagen som er i dag. Viss du liker lange tal kan du ta ein kikk på dei første ein million desimalane i pi. Evt. kan du lese litt historisk om pi her, igjen henta frå The Penguin Dictionary of Curious and Interesting Numbers.
I Babylonia for ca. 4000 år sidan trudde dei at pi var enten 3 eller 3 1/8.
I Egypt for ca. 3500 år sidan sa dei at pi var
I Bibelen er pi implisitt satt til 3 (1. kong 7,23).
Arkimedes kom til at pi var mellom og
.
Seinare fann han ein meir nøyaktig tilnærming, 22/7 som er den beste tilnærminga ved å bruke forholdet mellom 2 tal under 100.
Ptolemy brukte 337/120=3.1416…
Tsu Ch’ung Chi kalkulerte på 400-talet at pi låg mellom 3.1415926 og 3.1415927.
Seinare har det blitt satt stadig nye rekordar, den siste er oppe i 1,351,100,000,000 desimalar.
Uansett, gratulerer! Og ikkje gløym dagens høgdepunkt.
Eg vil med dette ønske alle ein god kvadratrotdag! I tillegg til å feire det med matematikkprøve tidlegare i dag så kan eg nemne nokre interessante fakta om tala 3 og 9 frå The Penguin Dictionary of Curious and Interesting Numbers.
Ting du kanskje ikkje visste om talet 3:
3 er det andre trekanttalet
Kvart heiltal er summen av maks 3 trekanttal
3 er det minste Mersenne-primtalet
3 er det minste fermattalet som er primtal
3 er det minste elementet i det første primtalsparet (3,5)
Ting du kanskje ikkje visste om talet 9:
9 er det einaste kvadrattalet som er ein sum av 2 etterfølgjande kubikktal
Det første kvadrattalet(utenom 1) som er eit heldig tal
Det minste Kaprekartalet utenom 1
Dei 9 første naturlege tala kan setjast i eit magisk kvadrat
Det er vel heller usikkert om det faktisk er nokon som bryr seg om slike ting, men det er ein heilt annan sak.
I fråvær av inspirasjon til å skrive noko skikkeleg kan eg i det minste gjere noko eg liker utruleg godt: Spre dårlege ordspel. Sidan eg ikkje er god til å punske ut eksepsjonelt gode ordspel på kommando (ikkje på andre toalett heller) så blir det stjeling frå diverse nettstadar.
-What’s the definition of a will? (It’s a dead giveaway)
-A pun is the lowest form of humor, but poetry is much verse.
-Immanuel doesn’t pun; he Kant.
-Congratulations you have one, it’s a year’s subscription of bad puns.
-The primary responsibility for a child’s education is apparent.
-What did the triangle say to the circle? You’re so pointless.
-You didn’t hear about the three big holes in the ground? Well, well, well.
-On average, people are mean.
-I could go on and on about sequences.
-The liquor store advertised, ‘We De-Liver.’
-I saw a beaver movie last night, it was the best dam movie I’ve ever seen.
-He wears glasses during math because it improves divison.
-The dead batteries were given out free of charge.
-The magician got so mad he pulled his hare out.
Viss nokon fortsatt skulle vere i tvil om min sinnstilstand så kan eg informere om at eg for ei tid sidan tapte eit veddemål om å la vere å seie ordspel på skulen ei heil veke; eit ordspel glapp ut av meg på starten av tredje dagen, og det syner at visdomsordet “The pun is mightier than the word” stemmer 100%.
På bibliotek kan du gjere litt av kvart, blant anna lese i bøker. I dag så streifa eg innom diverse av desse objekta, blant anna “Den Store Sitatboken” med over 12 000 sitat. For å sjekke nivået på sitata blei registeret raskt konsultert etter Chesterton-sitat, og det syna 29 sitat om litt av kvart; ikkje så verst det. Eg slo opp på det første , som var under kategorien “agnostiker”:
Hvis det ikke fantes en Gud, ville det heller ikke finnes noen agonstikere.
Så vidt eg veit så har aldri Chesterton sagt noko slikt, men derimot har han sagt:
If there were no God, there would be no atheists.
Overraska over å finne dette feilaktige sitatet så bladde eg opp på kategorien “ateist” for å sjekke om det var Chesterton-sitat der. Eg fann følgjande:
Hvis folk slutter å tro på Gud, betyr det ikke at de dermed ikke tror på noe. Da tror de på alt.
Som det har blitt vist her så er dette heller ikkje eit ekte sitat frå Gilbert, sjølv om det utvilsomt blir mykje brukt. Ein blir jo frista til å spørje korleis forfattaren har sjekka kjeldene til sitata sine, etter dette så torde eg uansett ikkje lese meir i boka av frykt for å bli feilinformert nok ein gong.
Sjølv om det utvilsomt kan vere sanning òg i feilaktige sitat.
Mine spådommar om landslaget ser foreløpig ut til å bli gjort grundig til skamme, noko som sjøvsagt er veldig bra. Eg har likevel ingen intensjonar om å ta av heilt ennå, minimum eit par kampar til er nødvendig for at eg skal bli overbevist om at Drillo er rett mann for landslaget. Ny-trenar-effekten er normalt sett stor, uavhengig av kvaliteten på trenaren og den har nok blitt forsterka av at det er ein legende som har kome tilbake.
Uansett så ser eg fram til neste kamp. Alt for Noreg!
