På bibliotek kan du gjere litt av kvart, blant anna lese i bøker. I dag så streifa eg innom diverse av desse objekta, blant anna “Den Store Sitatboken” med over 12 000 sitat. For å sjekke nivået på sitata blei registeret raskt konsultert etter Chesterton-sitat, og det syna 29 sitat om litt av kvart; ikkje så verst det. Eg slo opp på det første , som var under kategorien “agnostiker”:
Hvis det ikke fantes en Gud, ville det heller ikke finnes noen agonstikere.
Så vidt eg veit så har aldri Chesterton sagt noko slikt, men derimot har han sagt:
If there were no God, there would be no atheists.
Overraska over å finne dette feilaktige sitatet så bladde eg opp på kategorien “ateist” for å sjekke om det var Chesterton-sitat der. Eg fann følgjande:
Hvis folk slutter å tro på Gud, betyr det ikke at de dermed ikke tror på noe. Da tror de på alt.
Som det har blitt vist her så er dette heller ikkje eit ekte sitat frå Gilbert, sjølv om det utvilsomt blir mykje brukt. Ein blir jo frista til å spørje korleis forfattaren har sjekka kjeldene til sitata sine, etter dette så torde eg uansett ikkje lese meir i boka av frykt for å bli feilinformert nok ein gong.
Sjølv om det utvilsomt kan vere sanning òg i feilaktige sitat.

Utvilsomt.
Men likevel greit at de er riktige – flott jobbet!