Eg vil med dette ønske alle ein god kvadratrotdag! I tillegg til å feire det med matematikkprøve tidlegare i dag så kan eg nemne nokre interessante fakta om tala 3 og 9 frå The Penguin Dictionary of Curious and Interesting Numbers.
Ting du kanskje ikkje visste om talet 3:
3 er det andre trekanttalet
Kvart heiltal er summen av maks 3 trekanttal
3 er det minste Mersenne-primtalet
3 er det minste fermattalet som er primtal
3 er det minste elementet i det første primtalsparet (3,5)
Ting du kanskje ikkje visste om talet 9:
9 er det einaste kvadrattalet som er ein sum av 2 etterfølgjande kubikktal
Det første kvadrattalet(utenom 1) som er eit heldig tal
Det minste Kaprekartalet utenom 1
Dei 9 første naturlege tala kan setjast i eit magisk kvadrat
Det er vel heller usikkert om det faktisk er nokon som bryr seg om slike ting, men det er ein heilt annan sak.

eeeh….?
Viss du ikkje forstod så er det 3.3.09 i dag
Og som kjent er jo 3*3 =9
Merkedag!
aaaaaah….!
fatta! Haaallo! Keffor kom eg ikkje på de?
Oj hær va æg litt seine mæ å svara!:O Menmen, håbe adle hadde enn goe kvadratroddag mæ mange kvadratiske pakka frå kvadrat:P Gler mæg te pidagen!:)