Arkiver side 2

Kvalifisert tipping?

Litt forsinka kjem eg med fasiten på korleis årets Tippeliga kjem til å ende. Etter tidlegare forgjeves forsøk på å gjere det ut frå fotballmessige grunnar (håplaust prosjekt i den utforutsigbare norske ligaen), så har eg i år bestemt meg for å la ein terning bestemme utfallet. Så viss du vil bli rik er det berre å setje pengane på følgjande tabell:

1. Sandefjord
2. Strømsgodset
3. Molde
4. Tromsø
5. Lyn
6. Vålerenga
7. Stabæk
8. Odd
9. Aalesund
10. Lillestrøm
11. Fredrikstad
12. Viking
13. Bodø/Glimt
14. Rosenborg
15. Start
16. Brann

Den gode åpningskampen til Viking hindrar dei uheldigvis ikkje frå å ha ein svak sesong, ikkje heilt uventa tatt i betraktning den dårleg vintersesongen. At Brann og Rosenborg får ein dårleg sesong er gledeleg, mens me får ein svært overraskande topp 3.

Så får heller Per Sandberg dømme om eg har gjort god nok research til å drive og kaste terning. Av ein eller annan grunn tvilar eg.

Ellers så registrerer eg at forskning.no endeleg kjem med nyttige nyheter for oss som har stellt kyr opptil fleire gonger det siste døgnet, og er på veg ut døra nok ein gong. Av ein eller annan grunn fann eg følgjande formulering småvittig:

Forskerne undersøkte også hvordan kyrne reagerte på å bli skilt fra resten av bølingen.

De nervøse kyrne ble paniske og prøvde å komme seg tilbake til de andre, men de mer passive holdt seg i ro.

Det er utruleg kva forskarane finn ut i desse moderne tidene.

3.14159265358979323846264338327950288419…

Vel tilbake frå Trondheim er det på tide å markere pi-dagen som er i dag. Viss du liker lange tal kan du ta ein kikk på dei første ein million desimalane i pi. Evt. kan du lese litt historisk om pi her, igjen henta frå The Penguin Dictionary of Curious and Interesting Numbers.

I Babylonia for ca. 4000 år sidan trudde dei at pi var enten 3 eller 3 1/8.
I Egypt for ca. 3500 år sidan sa dei at pi var {(16/9)}^2 = 3.16049...
I Bibelen er pi implisitt satt til 3 (1. kong 7,23).
Arkimedes kom til at pi var mellom {3 +(10/71)} = 3.14085... og {3 +(10/70)} = 3.142857... .
Seinare fann han ein meir nøyaktig tilnærming, 22/7 som er den beste tilnærminga ved å bruke forholdet mellom 2 tal under 100.
Ptolemy brukte 337/120=3.1416…
Tsu Ch’ung Chi kalkulerte på 400-talet at pi låg mellom 3.1415926 og 3.1415927.
Seinare har det blitt satt stadig nye rekordar, den siste er oppe i 1,351,100,000,000 desimalar.

Uansett, gratulerer! Og ikkje gløym dagens høgdepunkt.

God kvadratrotdag

Eg vil med dette ønske alle ein god kvadratrotdag! I tillegg til å feire det med matematikkprøve tidlegare i dag så kan eg nemne nokre interessante fakta om tala 3 og 9 frå The Penguin Dictionary of Curious and Interesting Numbers.

Ting du kanskje ikkje visste om talet 3:
3 er det andre trekanttalet
Kvart heiltal er summen av maks 3 trekanttal
3 er det minste Mersenne-primtalet2^2 - 1=3
3 er det minste fermattalet som er primtal 2^{2^0} +1 = 3
3 er det minste elementet i det første primtalsparet (3,5)
\sqrt{1+2\sqrt{1+3\sqrt{1+4\sqrt{...}}}}=3

Ting du kanskje ikkje visste om talet 9:
9 er det einaste kvadrattalet som er ein sum av 2 etterfølgjande kubikktal 1^3 + 2^3 =9
Det første kvadrattalet(utenom 1) som er eit heldig tal
Det minste Kaprekartalet utenom 1 9^2=81,  8+1=9
Dei 9 første naturlege tala kan setjast i eit magisk kvadrat

Det er vel heller usikkert om det faktisk er nokon som bryr seg om slike ting, men det er ein heilt annan sak.

Punktleg humor

I fråvær av inspirasjon til å skrive noko skikkeleg kan eg i det minste gjere noko eg liker utruleg godt: Spre dårlege ordspel. Sidan eg ikkje er god til å punske ut eksepsjonelt gode ordspel på kommando (ikkje på andre toalett heller) så blir det stjeling frå diverse nettstadar.

-What’s the definition of a will? (It’s a dead giveaway)
-A pun is the lowest form of humor, but poetry is much verse.
-Immanuel doesn’t pun; he Kant.
-Congratulations you have one, it’s a year’s subscription of bad puns.
-The primary responsibility for a child’s education is apparent.
-What did the triangle say to the circle? You’re so pointless.
-You didn’t hear about the three big holes in the ground? Well, well, well.
-On average, people are mean.
-I could go on and on about sequences.
-The liquor store advertised, ‘We De-Liver.’
-I saw a beaver movie last night, it was the best dam movie I’ve ever seen.
-He wears glasses during math because it improves divison.
-The dead batteries were given out free of charge.
-The magician got so mad he pulled his hare out.

Viss nokon fortsatt skulle vere i tvil om min sinnstilstand så kan eg informere om at eg for ei tid sidan tapte eit veddemål om å la vere å seie ordspel på skulen ei heil veke; eit ordspel glapp ut av meg på starten av tredje dagen, og det syner at visdomsordet “The pun is mightier than the word” stemmer 100%.

Gilbert feilsitert

På bibliotek kan du gjere litt av kvart, blant anna lese i bøker. I dag så streifa eg innom diverse av desse objekta, blant anna “Den Store Sitatboken” med over 12 000 sitat. For å sjekke nivået på sitata blei registeret raskt konsultert etter Chesterton-sitat, og det syna 29 sitat om litt av kvart; ikkje så verst det. Eg slo opp på det første , som var under kategorien “agnostiker”:

Hvis det ikke fantes en Gud, ville det heller ikke finnes noen agonstikere.

Så vidt eg veit så har aldri Chesterton sagt noko slikt, men derimot har han sagt:

If there were no God, there would be no atheists.

Overraska over å finne dette feilaktige sitatet så bladde eg opp på kategorien “ateist” for å sjekke om det var Chesterton-sitat der. Eg fann følgjande:

Hvis folk slutter å tro på Gud, betyr det ikke at de dermed ikke tror på noe. Da tror de på alt.

Som det har blitt vist her så er dette heller ikkje eit ekte sitat frå Gilbert, sjølv om det utvilsomt blir mykje brukt. Ein blir jo frista til å spørje korleis forfattaren har sjekka kjeldene til sitata sine, etter dette så torde eg uansett ikkje lese meir i boka av frykt for å bli feilinformert nok ein gong.

Sjølv om det utvilsomt kan vere sanning òg i feilaktige sitat.

Alt for Noreg

Mine spådommar om landslaget ser foreløpig ut til å bli gjort grundig til skamme, noko som sjøvsagt er veldig bra. Eg har likevel ingen intensjonar om å ta av heilt ennå, minimum eit par kampar til er nødvendig for at eg skal bli overbevist om at Drillo er rett mann for landslaget. Ny-trenar-effekten er normalt sett stor, uavhengig av kvaliteten på trenaren og den har nok blitt forsterka av at det er ein legende som har kome tilbake.

Uansett så ser eg fram til neste kamp. Alt for Noreg!

Kjemisk sirkel

Under lesing til morgondagens kjemiprøve observerte eg følgjande utrekning i eit døme i læreboka:

x*(x+0.1 mol/L)=1.8/(10^10) (mol/L)^2

Vi går ut frå at x<<0.1 mol/L [<< tyder "er mykje mindre enn"], fordi AgCl har svært låg Ksp.
Då forenklar vi likninga til

x*0.1 mol/L =1.8/(10^10) (mol/L)^2
x= 1.8/(10^9) mol/L

Vi ser at det vi trudde om at x<<0.1 mol/L, held.

No er sannsynlegvis dette gresk for mange, men eg vil berre rette fokuset mot den fantastisk gode argumentasjonen:

1. Anta  påstand P
2. Bruk påstand P til å finne ut Q
3. Observer at Q beviser påstand P
4. Påstand P er bevist

Det er vel dette som blir kalla ein perfekt sirkel?

African or european?


Eg har nyleg funne ut at det siste av dei særs viktige spørsmåla har blitt undersøkt og besvart her. Alltid spanande når det blir gjort nye vitskaplege oppdagingar.

Gollumsk nytt


Det har no blitt offentleggjort at fanfilmen The Hunt for Gollum blir publisert gratis på internett 3. mai. Nettsida til filmen seier at den er 30 minutt, mens TheOneRing melder 40 minutt, forhåpentlegvis har sistnemnde rett. 2 års arbeid med over 100 frivillige gjer at dette muligens er vel brukte minutt. Uansett er det interessant med skildringar av ein av mine stor heltar (Oh, yes my preciousss…).

Opprop

Litt forsinka kjem eg med oppfordring til folk om å skrive under på oppropet mot regjeringa sitt forslag om å erstatte den sovande blasfemiparagrafen med ei endring i rasismeparagrafen. I tillegg til å vere eit angrep på ytringsfridomen så har forslaget ei så uklar formulering at det fort kan bli svært subjektive vurderingar om kva som kan blir ramma av loven. Ettersom eg er for lat til å skrive ting andre allereie har sagt, så finn du fleire grunnar til at forslaget ikkje bør bli gjennomført i bloggpostane og kommentarfelta til blant anna Den Tvilsomme Humanist, Dekodet , Haralds Strøtanker, Tro og Fornuft og Ung Kristen (for å nemne nokre).

Oppropet i sin heilhet:

Regjeringen ønsker å utvide straffelovens paragraf om hatefulle ytringer «slik at denne bestemmelsen varetar behovet for et strafferettslig vern mot kvalifiserte angrep på religion eller livssyn.» Dette varsles i Ot.prp. nr. 22 (2008-2009).

Selv om regjeringen også vil fjerne den sovende blasfemiparagrafen, er vi bekymret over den mulighet til straffeforfølgelse av religionskritikk som kan ligge i regjeringens varslede forslag.

Regjeringens begrunnelse er at «Ytringsfriheten må altså avveies mot andre hensyn. Religiøs tro og overbevisning vil ofte forankres i de dypere lag av ens personlighet, og det vil kunne knytte seg sterke følelser til slike overbevisninger. Læresetninger av religiøs karakter vil fortsatt av mange bli holdt for å være ‘hellige’».

Vi kan ikke akseptere at det skal være et offentlig anliggende å beskytte subjektive, religiøse følelser eller legitimere subjektive, religiøse følelser som gyldig argument i samfunnsdebatten. En slik politikk kan lett åpne for subjektiv vilkårlighet i en eventuell straffeforfølgelse av religionskritiske ytringer.

Det foreligger så langt ikke noen konkretisering av hva som regnes for «kvalifiserte angrep» på religioner og livssyn. Vi er derfor bekymret for at det varslede forslaget vil forhindre reell og nødvendig religionskritikk.

Det varslede forslaget innebærer også en styrking av religiøse dogmer på bekostning av annerledestroendes/ ikke-troendes ytringsfrihet. Med andre ord risikerer vi at hva noen føler er hellig, vil måtte holdes hellig av alle. Dette kan i seg selv representere en uakseptabel innskrenking av fritenkeres og ikke-troendes ytringsfrihet, og i verste fall innebære en diskriminering av ikke-troende.

Menneskerettighetene skal både beskytte en videst mulig ytringsfrihet og religionsfrihet for alle. Denne balansen må vi som samfunn kunne klare uten å skulle straffeforfølge at noen opplever sine religiøse følelser som krenket.

Vi ber derfor regjeringen om å skrinlegge det varslede forslaget om å utvide straffelovens § 185 om hatefulle ytringer til også å omfatte «kvalifiserte angrep på trossetninger og livssyn».

« Førre sideNeste side »